Ledige stillinger på SJH!

Faglærarstillingar
Arbeidsgiver: Sogn Jord- og Hagebruksskule
OMRÅDE: AURLAND/SOGN OG FJORDANEKATEGORI: UNDERVISNING OG PEDAGOGIKK
SØKNADSFRIST 02.06.2017

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk med plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga. Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid).

Om stillingen:

Ledige faglærarstillingar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule – frå 1. august 2017

Faglærar i tekniske fag og maskin – omlag 50% stilling

Faglærar i faget gardsdrift – omlag 30% stilling

Faglærar i økologisk plantekultur – omlag 30% stilling

Faglærar i økologisk husdyrhald – om lag 30 % stilling

Det er mogleg å søkja på tvers av stillingane. Skulen kan tilpassa dei etter søkjar sine kvalifikasjonar.

Ansvars- og arbeidsområde

Ansvar for undervisning og øvingar i Vg2 og Vg3
Aktiv deltaking i tverrfaglege fagteam
Aktiv i utviklingsarbeid innan fagfeltet

Krav til utdanning og praksis

Relevant fagleg og pedagogisk utdanning
Relevant arbeidserfaring innafor fagområdet
Kunnskap og engasjement for økologisk landbruk

Ønska personlege eigenskapar

Interesse for unge menneske og deira faglege og personlege utvikling
Gode evner til å formidle kunnskap og organisere elevøvingar
Strukturert i planlegging, gjennomføring og refleksjon
Klår kommunikasjonsevne og sterk samarbeidsvilje
Interesse for å dele kunnskap med kollegaer
Utviklingsorientert innafor eige fagområde
For stillingane gjeld

Vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår, løn etter gjeldande tariffavtale
Prøvetid på 6 md.
Krav om tilfredsstillande politiattest ved tilsetjing
Attesterte kopiar av vitnemål og attestar skal leggjast fram ved eventuelt intervju.

Opplysningar om skulen er å finna på www.sjh.no. Interesserte er velkomne til å ta kontakt med adm. leiar Venke Sjursen, telefon 57 63 71 33 / 901 22 866 eller e-post venke.sjursen@sfj.no.

Søknad med fullstendig CV skal registrerast og sendast elektronisk (A-sak 17/3986).

Søknadsfrist: 2. juni 2017