Opprop for Sogn Jord- og hagebruksskule

 

Sogn Jord- og Hagebruksskule er den einaste heilskaplege økologiske landbruksskulen i Norge. Her vert det undervist i plantedyrking, husdyrhald, utmarksforvalting, teknikk, ”inn på tunet”, foredling og bygdeutvikling.

Skulen har i mange år levert kunnskap og kompetanse om økologisk drift til nye generasjonar bønder, gartnarar og gründarar.

Men snart kan det vera slutt. Bygningane på skulen må moderniserast for å støtte krava til undervisingsrom og internatdrift, og kun 60 % av finansieringa er på plass.

Noreg boblar over at oljepengar, og støtte til SJH hadde vore ein liten dråpe i havet for den sittande regjeringa. I ei verd som står overfor enorme utfordringar med omsyn til miljø, matforsyning og forvalting av naturressursane, er kunnskap om økologi og økologisk landbruk naudsyn.

Du kan vera med å tryggje framtida for Sogn Jord- og Hagebruksskule. Signer oppropet som skal leverast til skuleeigaren, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

 

Signér oppropet her