Pølsemaker pølsemaker – kor har du gjort av deg?

Foto: Eva de Moor
Tekst: Helene Austvoll

Biologisk-dynamisk Forening har invitert til gardstur for å sjå og lære om den biologisk-dynamiske driftsmåten og ikkje minst for å få ein smakebit av kva som foregår inne i garden sitt eige pølsemakeri.

Mangfald og biodynamikk

Mens eit par av gardens vel 20 høns trippar rundt oss utan å la seg påverke av den kalde novemberblesten, fortel Dan oss om sauene, hønene, kyrne av den gamle og bevaringsverdige Jarlsbergrasen og dei kraftige Aberdeen-Angusoksane som vi ser luskar opp i buskaset. Epletre og ein stor kjøkkenhage har dei også. Mangfaldet er ikkje berre fascinerande – det er noko av essensen i biologisk-dynamisk landbruk. Mangfaldet gjer det mogleg å skape eit kretslaup på garden kor ein i styrst mogleg grad er sjølvforsynt med fôr og gjødsel.

Pedagogisk gard

Ein liten kaffipause i skulestova gjer godt for å få varmen i kroppen igjen. Heimebaka kanelsnurrar og nytrekt kaffi gjer godt. I same bygg som pølsemakeriet har dei laga til ei skulestove med kjøkken som brukast av dei over 1500 elevane som Dan og Silje tek i mot kvart år, både frå Steinerskulen og offentlege skular. Elevane lærar å hogge ved, mjølke og lage mat – alt ein viktig del av gardsdrifta. Å bruke garden som del av eit pedagogisk opplegg er ofte praktisert på biologisk-dynamiske gardar – gardens mange oppgåver appellerer til ulike elevar på ulike måtar.

Frå draum til verkelegheit

Vel så viktig har det famøse pølsemakeriet blitt dei siste åra. Trass i at fleire flirte godt då Dan fortalde om draumane sine om å bygge eit pølsemakeri er det ingenting i dag som tydar på at det var ein dum ide. Dan har bygga stein på stein, og kan etter ei to år lang prosess med godkjenning frå Mattilsynet no stolt vise farm eit pølsemakeri i full drift. Der skjærer dei ned slakt frå eigen og andre gardar, lagar steike, koke og påleggspølser av alle typar og smakar – gjerne på bestilling. Kundegruppa har i all hovudsak vore privatkundar, men i haust i år starta Dan eit tett samarbeid med Oslo Kooperativ og leverer kjøtt til kjøttposen annankvar månad til fleire hundre oslobuarar om gongen. Oslo Kooperativ er eit medlemseigd – og drive samvirke som formidler økologiske og biodynamiske landbruksvarer til sine medlemer. Dan kjem sjølv inn og leverer ut kjøttet til alle som har bestilt gjennom Kooperativet.

Pølsemaker pølsemaker

Å drive eit pølsemakeri i vekst krevjar ein pølsemakar på heiltid og vi fekk møte Thomas – tysk slaktar og pølsemakar. Med skarpe knivar og eit forklede som likna ein soldats rustning viste han korleis vi skal skjære ned bakparten på ein kalv. Vi kikka nøye alle saman, fascinerte over korleis Thomas briljerte med knivar og stykningsdelar. Entrecote, indre- og ytrefilet, bankekjøtt og lårtunge, lår, slagside, kraftbein, ”restar” til kjøttdeig og pølser og andre delar vart nøye sortert. Det digre beinet vi kjennar best frå hundeburet til Pluto i Donaldbladene brukast best i suppa! Vi lærte raskt at etter å ha laga suppe på kraftbein ein gong er det ingen veg tilbake.

Mett på kunnskap og pølser

Vi vart ikkje mindre svoltne av å sjå på dette kunststykket. Då kalven var fordelt i sine respektive delar kunne vi setje oss til bords og få servert herlig rotmos, blomkålmos og pølser – frå garden sjølvsagt. Mette på mat, nye opplevinga og kunnskap, og i tillegg fulle handlenett med pølser kunne vi reise heim til byen. Sjølv var eg ikkje i tvil kva vi skulle ha til middag!

 

Les meir om oppdeling av kalv på renmat.no og om Solli gård her