Sogn Jord- og hagebruksskule

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) er ein vidaregåande skule med elevar frå heile landet i alle aldrar. Her finn du eit jordnært og sterkt fagmiljø innan husdyr, grønsaker, frukt, foredling, garden som ressurs og mykje meir. Det allsidige, økologiske skulegardsbruket står sentralt i undervisinga. Studieturar og praksisperiodar gir ekstra fagleg påfyll og inspirasjon. Skulen har landslinje og tilbyr Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Etter fullført utdanning blir du agronom i økologisk landbruk.

SJH har ofte elevar med interesse for biologisk-dynamisk landbruk. Nokre av dei dannar studiegrupper på kveldstid, og nokre år vert enkelte biodynamiske metodar del av undervisinga. For deg som er interessert i biodynamisk, er det mykje å lære ved SJH. Skulegarden driv med omfattande kompostering, har ei rekkje dyreslag (ku, geit, sau, hest, bier), produserer alt grovfôr sjølv og har stort fokus på jordfruktbarheit. Samarbeid og nettverk med biodynamiske gardar nasjonalt og i utlandet gir moglegheit for formidling av praksisplassar.

Ny fagskule

Fagskulen i Vestland starter studietilbodet Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling hausten 2022 i samarbeid med SJH og Trøndelag høyere yrkesfagskole avd. Trondheim. Det er eit nett- og samlingsbasert årsstudium over to år.

Ressurssenter

Ressurssenteret ved SJH tek seg av besøk, kurs og prosjekt utanom undervisinga. Kursa er opne for alle. Mjølkeforedling, ølbrygging, birøkt, kompostering og andelslandbruk har vore tema dei siste åra.

Gardsbutikk

På skulen finn du ein populær gardsbutikk, som er open måndag til laurdag. Butikken har eit breitt utval av økologiske, biodynamiske og lokalproduserte daglegvarer, og mange etiske gåveartiklar.

                  

På sjh.no finn du filmsnuttar, intervju med tidlegare elevar og svar på dei fleste spørsmål.

Ta gjerne kontakt for ein hyggeleg prat eller for å avtala besøk:

sjh@vlfk.no / tlf. 57 63 71 00

www.sjh.no

www.facebook.com/sjhskule

www.instagram.com/sognjordoghagebruksskule